Nok tåkeprat om Luster
Tidlegare kommunesamanslåingar syner at veksten og
utviklinga i den nye kommunen skjer i det nye sentrumet, ikkje i dei
kringliggande kommunane. Likevel spør sentrale politikarar i nabokommunane våre
kvifor Luster seier nei. På informasjonsarket som er sendt ut om den nye storkommunen i Sogn, er det sparsamt med fakta. «Ei styrkja samfunns- og næringsutvikling er den viktigaste effekten av ein større kommune. Dette gjeld folketals- og næringsutvikling, kultur og samferdsel», vert det slege fast. Dette er formulert som ei objektiv sanning, trass i at forskingslitteraturen på feltet kjem til heilt andre konklusjonar.
I staden for å basera avgjerdene våre på politiske slagord og positiv tenkings-mantra, har me forsøkt å vurdera dei negative mot dei positive sidene ved ei kommunesamanslåing basert på den kunnskapen om feltet som er å finna. Då har me kome til at det med stort sannsyn vil vera best for den framtidige utviklinga av heile Luster om me held fram som eigen kommune.
Og sidan me er oppteken av ein opplysande debatt tufta på fakta, ikkje på kjensler og slagord, vil me grunngje svaret under:
Forskarane Elisabeth Angell, Toril Ringholm og Jørgen Bro ved forskingsselskapet Norut gjekk i 2015 gjennom 100 rapportar på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å finna ut kva me veit om samfunns- og næringsutvikling og kommunestorleik. Dei finn ikkje haldepunkt for at større kommunar gjev betre nærings- og samfunnsutvikling. Det same sa Telemarkforsking på eit temamøte om næringsutvikling for kommunestyret i Luster i 2013.
Nils Aarsæter, professor i
samfunnsplanlegging ved Universitet i Tromsø, skriv i 2014 at det er
«sannsynlig at økt avstand til utviklingskompetansen svekker tilbudet på
utviklingsbistand for næringsaktører og gründere i de nærområder som ligger
lengst unna kommunesenteret».
Dei politiske slagorda om at større
kommunar gjev betre nærings- og samfunnsutvikling, har altså lite støtte i
forskinga. Og for Luster sin del er det vanskeleg å sjå vekk frå at områda
lengst unna det nye kommunesenteret truleg får eit dårlegare tilbod i nye
kommunar. I ein eventuell storkommune vil det vera mykje av Luster.
Kva så med folkevekst? Eit av
argumenta er at den nye kommunen vil vera bra for folkeveksten. Finst det
forsking som stør opp om dette? I 2013 kom Proba samfunnsanalyse med rapporten:
Langsiktige konsekvenser av
kommunesammenslåing der dei går gjennom 39 kommunar som er slegne saman
mellom 1987 og 2012. Her skriv dei at det er ein viss tendens til at
samanslåing gjev lågare folketalsvekst og at det dessutan ser ut som at den
veksten som kjem, kjem i form av vekst i kommunal sysselsetjing der
administrasjonssenteret ligg.
Luster kommune er den einaste
kommunen i Indre Sogn (unnateke Lærdal) som allereie er eit resultat av ei
kommunesamanslåing. Ho skapte ein geografisk vidgreint og spreiddbygd
storkommune som i dag er den kommunen i Indre Sogn der flest elevar må ta
skulebuss for å koma til skulen. Samanslåinga i 1963 gav kommunen òg eit heilt
nytt kommunesenter, som frå nesten inkje har vakse seg til eit sterkt
kommunesenter strategisk plassert midt i kommunen. I dag kan dei fleste bygder
i kommunen nå Gaupne på rundt 30 min. Det vil seie at Gaupne er ein potensiell
arbeidsplass nesten uansett kvar ein buset seg i Luster. Flyttar ein viktige
arbeidsplassar ut av kommunen slik intensjonsavtala mellom kommunane føreslår,
misser store delar av Luster tilgang på desse jobbane. I dag er der om lag 50
tilsette på rådhuset i Luster. I intensjonsavtalen mellom kommune Sogndal,
Leikanger, Balestrand og Vik står der at ein skal sikra arbeidsplassar i alle
rådhusa, men der står òg at landbrukstenester, omsorgstenester for
ressurskrevjande brukarar, oppmåling, IKT-drift, lønskontor, skattekontor,
rekneskapskontor, tildelingskontor innan helse-
og omsorg, skuleadministrasjon, kulturadministrasjon, byggadministrasjon
og administrering av VAR-område alle er tenester skal samlast i eigne miljø og
«skal fordelast til eksisterande kommunesenter». Administrative fellesoppgåver
skal liggja i kommunesenteret. Ingen av desse stillingane forsvinn i ein ny
kommune, men mange av dei forsvinn heilt klart ut av kommunen. Og igjen stør
forskinga ein slik analyse: Ser ein på dei kommunane som ikkje lenger fekk ha
kommunesenteret etter kommunesamanslåingar mellom 1987 og 2012, syner tala at
19 av dei 25 tidlegare kommunane hadde svakare folketalsvekst enn
gjennomsnittet for si kommunegruppe. Altså er det lite stønad i forskinga som
underbyggjer påstanden i heftet frå storkommunen.
Lokal vekstkraft er det som skal koma ut av ein ny
storkommune, vert det lova. Luster trur den lokale vektkrafta best vert sikra i Luster frå Luster. Dette er ikkje å vera seg sjølv nok, men faktisk å ta
inn over seg røynslene frå tidlegare samanslåingar, både her og i andre land. Tala
er udiskutable, det er sentrum som tener på ei kommunesamanslåing, ikkje
utkanten.
Luster har i dag få av dei utfordringane som ei kommunesamanslåing
skal bøta på, me rekrutterer bra i kommunale stillingar, me har tilflytting og
bedriftsetablering. At fleire folk skal flytta hit om kommunegrensa forsvinn, er
fri fantasi, at me skal rekruttere betre til stillingar i Luster om dei same
grensene fell er svært usannsynleg. Det som er mykje meir sannsynleg, og som me
allereie ser i dag, er korleis dei fleste stillingar som kommunane samarbeider
om hamnar i Sogndal, ut frå vage omsyn til geografi eller rekruttering, det vert
det ikkje mindre av.
Den politiske debatten om kommunereforma kan ikkje
verta handsama som omdømmebygging der innhaldslause fyndord som vekstkraft og
utviklingsmotor skal få stå som tomme argument for ei djuptgripande endring i
måten me organiserer oss i indre Sogn. Særleg ikkje når forskinga på feltet
peikar så eintydig på dei negative konsekvensane for kommunar som Luster.
Ivar Kvalen, ordførar i Luster og Marit Aakre Tennø,
varaordførar i Luster.