torsdag 12. mai 2016

Eg og ordføraren har skrive ei grunngjeving for vårt nei til kommunesamaslåing i Luster i Sogn Avis i dag:

Nok tåkeprat om Luster
Tidlegare kommunesamanslåingar syner at veksten og utviklinga i den nye kommunen skjer i det nye sentrumet, ikkje i dei kringliggande kommunane. Likevel spør sentrale politikarar i nabokommunane våre kvifor Luster seier nei.

På informasjonsarket som er sendt ut om den nye storkommunen i Sogn, er det sparsamt med fakta. «Ei styrkja samfunns- og næringsutvikling er den viktigaste effekten av ein større kommune. Dette gjeld folketals- og næringsutvikling, kultur og samferdsel», vert det slege fast. Dette er formulert som ei objektiv sanning, trass i at forskingslitteraturen på feltet kjem til heilt andre konklusjonar.

I staden for å basera avgjerdene våre på politiske slagord og positiv tenkings-mantra, har me forsøkt å vurdera dei negative mot dei positive sidene ved ei kommunesamanslåing basert på den kunnskapen om feltet som er å finna. Då har me kome til at det med stort sannsyn vil vera best for den framtidige utviklinga av heile Luster om me held fram som eigen kommune.
Og sidan me er oppteken av ein opplysande debatt tufta på fakta, ikkje på kjensler og slagord, vil me grunngje svaret under:
Forskarane Elisabeth Angell, Toril Ringholm og Jørgen Bro ved forskingsselskapet Norut gjekk i 2015 gjennom 100 rapportar på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å finna ut kva me veit om samfunns- og næringsutvikling og kommunestorleik. Dei finn ikkje haldepunkt for at større kommunar gjev betre nærings- og samfunnsutvikling. Det same sa Telemarkforsking på eit temamøte om næringsutvikling for kommunestyret i Luster i 2013.

Nils Aarsæter, professor i samfunnsplanlegging ved Universitet i Tromsø, skriv i 2014 at det er «sannsynlig at økt avstand til utviklingskompetansen svekker tilbudet på utviklingsbistand for næringsaktører og gründere i de nærområder som ligger lengst unna kommunesenteret».

Dei politiske slagorda om at større kommunar gjev betre nærings- og samfunnsutvikling, har altså lite støtte i forskinga. Og for Luster sin del er det vanskeleg å sjå vekk frå at områda lengst unna det nye kommunesenteret truleg får eit dårlegare tilbod i nye kommunar. I ein eventuell storkommune vil det vera mykje av Luster.

Kva så med folkevekst? Eit av argumenta er at den nye kommunen vil vera bra for folkeveksten. Finst det forsking som stør opp om dette? I 2013 kom Proba samfunnsanalyse med rapporten: Langsiktige konsekvenser av kommunesammenslåing der dei går gjennom 39 kommunar som er slegne saman mellom 1987 og 2012. Her skriv dei at det er ein viss tendens til at samanslåing gjev lågare folketalsvekst og at det dessutan ser ut som at den veksten som kjem, kjem i form av vekst i kommunal sysselsetjing der administrasjonssenteret ligg.

Luster kommune er den einaste kommunen i Indre Sogn (unnateke Lærdal) som allereie er eit resultat av ei kommunesamanslåing. Ho skapte ein geografisk vidgreint og spreiddbygd storkommune som i dag er den kommunen i Indre Sogn der flest elevar må ta skulebuss for å koma til skulen. Samanslåinga i 1963 gav kommunen òg eit heilt nytt kommunesenter, som frå nesten inkje har vakse seg til eit sterkt kommunesenter strategisk plassert midt i kommunen. I dag kan dei fleste bygder i kommunen nå Gaupne på rundt 30 min. Det vil seie at Gaupne er ein potensiell arbeidsplass nesten uansett kvar ein buset seg i Luster. Flyttar ein viktige arbeidsplassar ut av kommunen slik intensjonsavtala mellom kommunane føreslår, misser store delar av Luster tilgang på desse jobbane. I dag er der om lag 50 tilsette på rådhuset i Luster. I intensjonsavtalen mellom kommune Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik står der at ein skal sikra arbeidsplassar i alle rådhusa, men der står òg at landbrukstenester, omsorgstenester for ressurskrevjande brukarar, oppmåling, IKT-drift, lønskontor, skattekontor, rekneskapskontor, tildelingskontor innan helse-  og omsorg, skuleadministrasjon, kulturadministrasjon, byggadministrasjon og administrering av VAR-område alle er tenester skal samlast i eigne miljø og «skal fordelast til eksisterande kommunesenter». Administrative fellesoppgåver skal liggja i kommunesenteret. Ingen av desse stillingane forsvinn i ein ny kommune, men mange av dei forsvinn heilt klart ut av kommunen. Og igjen stør forskinga ein slik analyse: Ser ein på dei kommunane som ikkje lenger fekk ha kommunesenteret etter kommunesamanslåingar mellom 1987 og 2012, syner tala at 19 av dei 25 tidlegare kommunane hadde svakare folketalsvekst enn gjennomsnittet for si kommunegruppe. Altså er det lite stønad i forskinga som underbyggjer påstanden i heftet frå storkommunen.

Lokal vekstkraft er det som skal koma ut av ein ny storkommune, vert det lova. Luster trur den lokale vektkrafta best vert sikra i Luster frå Luster. Dette er ikkje å vera seg sjølv nok, men faktisk å ta inn over seg røynslene frå tidlegare samanslåingar, både her og i andre land. Tala er udiskutable, det er sentrum som tener på ei kommunesamanslåing, ikkje utkanten.
Luster har i dag få av dei utfordringane som ei kommunesamanslåing skal bøta på, me rekrutterer bra i kommunale stillingar, me har tilflytting og bedriftsetablering. At fleire folk skal flytta hit om kommunegrensa forsvinn, er fri fantasi, at me skal rekruttere betre til stillingar i Luster om dei same grensene fell er svært usannsynleg. Det som er mykje meir sannsynleg, og som me allereie ser i dag, er korleis dei fleste stillingar som kommunane samarbeider om hamnar i Sogndal, ut frå vage omsyn til geografi eller rekruttering, det vert det ikkje mindre av.

Den politiske debatten om kommunereforma kan ikkje verta handsama som omdømmebygging der innhaldslause fyndord som vekstkraft og utviklingsmotor skal få stå som tomme argument for ei djuptgripande endring i måten me organiserer oss i indre Sogn. Særleg ikkje når forskinga på feltet peikar så eintydig på dei negative konsekvensane for kommunar som Luster.

Ivar Kvalen, ordførar i Luster og Marit Aakre Tennø, varaordførar i Luster.